Vêrvarsel frå Yr, levert av NRK og Meteorologisk institutt

bsnett.no

Søgne – min kommune

Meninger · Publisert 19:00, 9 mar 2018

I over 20 år har Søgne vore min kommune. Utsynet frå terrassen har inspirert til mange refleksjonar. Ny-Hellesund har hatt ein spesiell plass i minnerommet. Første møtet for 33 år sidan. I 1985 sto eg til rors i eigen båt. Gjennom eit nedslått rorhusvindauge, i ein sjølvrestaurert 38 fot fiskebåt, bygd i 1912, møtte eg«sundet» for første gong. Rolege dunk frå ein enkelsylindra semidiesel førde oss fram. Frå rorhuset og familien på dekk, var inntrykka frå denne uthavna sterke. Inntrykka sette seg fast i minnet. Ikkje visste eg då at denne perla var ein viktig del av det som skulle bli min kommune.

Seks år seinare var skoledirektørane i Norge samla til konferanse i Kristiansand. Vertskapet baud oss på båttur i skjærgarden. Turen gjekk naturleg nok til Ny-Hellesund. Frå skoletrappa gav Sturla Ertzeid oss ei levande skildring av livet i Ny-Hellesund på 1900-talet. Ikkje visste eg då at det eg høyrde var ein sentral del av historia til den kommunen som skulle bli min. I Søgneskjærgarden budde og levde folk på øyene, med blikket vendt mot havet som næringsgrunnlag, matkilde og transportveg. På fastlandet bygde dei båtar.

For 10 år sidan forlet eg rådmannkontoret i Søgne kommune, men i Søgne er det godt å bu. Eg har funne min friplass ved eit terrasserekkverk med utsyn over øyene, holmane og havet utanfor som ein gong var ein farefull handelsveg.

Etter 10 år har eg no gjeve meg sjøl lov til feste på papiret nokre refleksjonar om kommunen min, frå denne friplassen. Med innseglinga til Hellesundet i synsfeltet. Like innanfor budde Vilhelm Krag og i diktet «Øen» seier han mellom anna:

«… afterne synkeri et dyp av eftertanke.Sundet gjenspeilerhele landskabet derover.Sindet gjenspeilerhele livet, som gik.»

Søgne kommune er mykje meir enn Ny-Hellesund, men ankerfestet for mine tankar, her og no, er menneska som gjennom livet på øyene har skapt ei levande kultur- og næringshistorie. Levd liv som ikkje må gløymast når fokuset blir retta mot kapitalfond og mellommenneskelege konflikter.

Eiendomsskatten har gjeve kommunen økonomisk handlingsrom, men eg spør meg kvifor det menneskelege handlingsrommet har blitt så komplisert og vanskeleg for mange?

I mine tankesprang her på min friplass, med utsikt over Søgne kommune sine tradisjonsrike øysamfunn, dukkar assosiasjonar frå «skriften» fram og gjer meg litt «blasfemisk»:

«Kva gagnar det ein kommune om ein samlar eiendomsskatten i all verdens kapitalfond, men taper sin integritet og sitt omdømme?»

Kunne ikkje dette økonomiske handlerommet, mellom anna nyttast til å oppretthalde eit trygt og godt transporttilbud frå Høllen (!), for folket på fastlandet og på øyene? Og samstundes gje eit attraktivt tilbud til gjestar frå inn og utland som ønskjer å oppleve øyene og skjærgarden vår, for kulturoppleving og rekreasjon.

Ein kulturkapital som kommunen kunne vere stolt over å bringe med seg på vegen inn i ein bydelstatus i nye Kristiansand.

Kåre Egil Nerbø

Kva gagnar det ein kommune om ein samlar eiendomsskatten i all verdens kapitalfond, men taper sin integritet og sitt omdømme?

Løsningsfokusert tilnærming

Italienske tilstander på Tangvall

Gode og dårlige nyheter

Fravær til ettertanke

Regnbue over Tangvall

Om plikt

Verdt prisen

QuerBleich til omsorgssenteret

Nært møte med elgokse

Adresse: Linnegrøvan 24, 4640 Søgne
Åpningstider: mandag - fredag, 09:00 - 16:00
Organisasjonsnummer: 980656969

Sentralbord: 38 16 80 00
E-post: post@bsnett.no
Tips oss: tips@bsnett.no, 95 96 97 00
Vaktjournalist: 95 96 97 00, 16:00 - 21:00

Ansvarlig redaktør: Fridtjof Borø Nygaard, 905 48 988
Markedssjef: Lene Anderssen, 922 94 593
©Søgne og Songdalen Budstikke