bsnett.no

Søgnepolitikk sett frå ein bleik måne

Meninger · Publisert 19:00, 8 jun 2018

Sjå bestefar, kor bleik månen er, – og berre halv.

Vi er to på terrassen i kveld, Alex og eg.  Det er den 24. mai og Alex skal overnatte hjå bestemor og bestefar. På terrassen sit vi. Alex ser opp mot den bleike månen. Det er sollyset som gjer at månen er så bleik, seier eg. Sola, bestefar; kvar er ho no?

Ikkje alt er like godt å forstå for ein fireåring, men han kroar seg i fanget mitt og ser opp mot himmelkvelven. Var månen så bleik då du var liten bestefar? Mmm..kjem det frå meg.

Du er so rar bestefar, eg går inn til bestemor. Ja, gjer det, seier eg. Tankane mine er ikkje her på terrassen no.

I kveld såg eg for første gong nettoverføring frå eit kommunestyremøte i Søgne, i fugleperspektiv. Eller kanskje passar mitt perspektiv meir frå Alex sin bleike måneskalk.

Der sat dei, kommunestyrerepresentantane, i halvsirklar vendt mot ordførar og rådmannen. Med lyd og bilete på nettbrettet mitt.

Rart... Slik tenkte vi oss utforminga av møtesalen for kommunestyret og andre politiske fora for 10 – 15 år sidan. Men vi tenkte ikkje at det her, 24. mai 2018, skulle sitje eit splitta kommunestyre, i desse flotte lokala. Eit fleirtal som synest å gjere alt dei kan for å svekke den ordføraren dei sjøl har valgt. Eit kommunestyre som er meir omtala for å rote i administrative intriger, enn utvikling av vår flotte kommune.

Rart... Frå mitt lysbleike måneperspektiv igjenkjenner eg fleire av dei duknakka representantane i hesteskoa; nettoverført frå møtet den 24.05.

Dei same personane som hadde plass kring "langborda" i kommunestyresalen for 10-15 yngre år sidan og sende replikkar til kvarandre med eit smil i augekroken. Ingen trengte advokathjelp for å rettferdiggjere sine argument.

Rart... Referatsak i møtet den 24.05; leiar for PP tjeneste har ifølgje vurdering frå eit advokatfirma (!?) vore utsett for "uheldig psykisk belastning" i eit budsjettmøte, internt i administrasjonen.

Ifølgje Fædrelandsvennen ville administrasjonen at PP-tenesta skulle redusere omfanget av sine sakkunnige tilrådingar overfor barnehagar og skolar, slik at kommunen kunne spare 15 millionar(!). Frå eit månebleikt perspektiv her på terrassen ville det tilsvare ein reduksjon i spesialpedagogiske tiltak med omkring 20 årsverk!

Det er blitt forska mykje på den spesialpedagogiske praksisen i opplæringa og kva utbytte barna har, men dagens lovverk slår fast at den kommunale administrasjonssjefen ikkje har instruksjonsrett overfor PP-tenesta si faglege verksemd.

Rart.., rart at leiaren for denne verksemda i Søgne og Songdalen i eit kollegialt, internt budsjettmøte blir utsett for så "uheldig psykisk belastning" at saka hamnar til vurdering ved eit advokatkontor. Den solbleike månen gjev ikkje noko svar her på milde sommarkvelden, men dei siste åra har eg ofte undra meg over kva slags politisk og administrativt arbeidsklima det er i kommunen vår.

Eiendomsskatt og andre forhold har gitt kommunen brukbart økonomiske handlingsrom. Handlingsrom for saklege og kompetente utviklingssamtalar med respekt for kvarandre sin integritet. Å meine at PP-tenesta i Søgne skal medverke til at skolar og barnehagar skal redusere spesialpedagogiske tiltak med 15 millionar høyrest korkje sakleg eller kompetent ut. Reknar med at alle impliserte i denne uforståelege konflikten har kome til same erkjenning.

Eg har brukt mykje spalteplass på denne referatsaka som kommunestyret den 24. mai tok til etterretning og som Fædrelandsvennen har omtalt tidligare.

I mine månebleike refleksjonar her på terrassen er eg redd denne saka er eit utriveleg symptom på arbeidsmiljøet i kommunen vår.

Rart..., ofte har eg vore stolt av å kunne representere Søgne kommune. Og eg har hatt tru på at kommunen også kunne stå på eigne bein, men no verkar det som ein storkommune med administrativt leiarskap henta frå Songdalen og Kristiansand vil vere det beste for Søgne.

Den bleike månen er kanskje eit symbol på sinnstemninga som pregar meg når eg pressar fram denne erkjenninga no, her på terrassekanten.  

Skulle ønskje at våre politikarar kunne jobbe saman og ikkje mot kvarandre no, det siste leveåret for Søgne kommune, på ein strategisk, klok måte.

Ingen vil ha positive minne frå Søgne kommune for sin gode økonomi, dersom økonomifokuset m.a. har resultert i  svekka velferdstenester, opplæringstilbod, kulturtilbod og svekka kommunikasjon frå Høllen ut til øyane våre. Politikarar og administrasjon har no ansvaret for at Søgne kommune er rusta for å bli ein livskraftig bydel i nye Kristiansand kommune.

Elg med tvillingkalver er et vakkert syn

Lesernes budstikke Line Solli på Øvland i Finsland har sendt oss bilde av en elgku med tvillingkalver. Hun beklager at bildet er noe uklart, men forteller at det er... fredag 07:00

Fin regnbue

Ukens leder Regnbueflagget vaier i vinden på Skarpøya til protester fra nærmeste nabo, som vil ha flagget fjernet. Asbjørn og Ann Magreth Carlsen mener «det... onsdag 20:00

Pensjonistene har fått redusert kjøpekraft

Debatt På fjerdeåret er resultatet av pensjonistoppgjøret at realverdiene av pensjonene har gått nedover. Forutsetningen for pensjonistordningen var en... onsdag 09:00

– Den beste turen vi har hatt

Lesernes budstikke 29. juni reiste tolv personer fra Søgne til Setesdal østhei og Bjørnevasshytta. "Til topps 2018" er egentlig et landsdekkende arrangement hvor Røde... mandag 12:00

Om behovsvurdering

Debatt I sitt tankevekkende innlegg på Bsnett.no og i Budstikka peker Finn Lohne på forestående byggeplaner av høyblokker i bygdas sentrumsområder. En... mandag 09:11

Nødvendige kontroller

Ukens leder Sommeren på Sørlandet har levert til norgesrekord i sol og varme. Politiet lovet før sommeren var ordentlig i gang hyppige kontroller med... onsdag 07:00

Utbygging over stokk og stein

Lesernes budstikke Det er i dag 5064 boenheter i Søgne kommune. Nå har kommunen vedtatt å bygge ca. 2000 boenheter til. I tillegg til dette er det mange andre planer... tirsdag 14:20

Hensynet til barn og unge ofres!

Debatt Leserinnlegg Reguleringsplanen for høyhuset i Kleplandsveien er behandlet uten at barn og unge har vært med i planprosessen slik de skal i henhold til rundskriv... mandag 14:09

Har vi demokrati i Søgne?

Lesernes budstikke Leserinnlegg Demokrati betyr folkestyre. Da velges representanter til å ivareta folkets interesser.Representantene er i stor grad bundet til partienesprogram.... mandag 07:00

En del av løsningen

Ukens leder Etter en lang og iskald vinter, kom en omfavnende, endeløs og varm sommer. Innimellom snek både høst og vår seg inn med værtrøbbel. Ekstremværet har... torsdag 13:31

Gir 843 kroner til barneavdelingen

Lesernes budstikke Celine Olsen (13) og Mari Helen Solås (11) samlet inn penger til barneavdelingen på Sørlandet sykehus på mandag. De hadde basar utenfor Bunnpris i... onsdag 15:30

Nå er det tid for å plukke søppel i elva

Lesernes budstikke Leserinnlegg Dagens tips: Lite vann i elv og bekker = flott anledning til å fjerne søppel og plast. tirsdag 14:07

Nei til sprengstofflager i Vågsbygdskauen

Debatt Leserinnlegg Sprengstofflageret ved Øygardsvannan i Vågsbygdskauen må flyttes på grunn av ny firefelts motorvei, men Nye Veier AS har vist null interesse for å... tirsdag 10:45

Hvordan kan sommeren knyttes til klimaendringer?

Debatt Leserinnlegg Politiker Yngvar Monstad (MDG) om klimaendringer og hva hver enkelt kan bidra med. mandag 12:57

Fem eller sju etasjer i Kleplandsveien?

Lesernes budstikke Leserinnlegg Det var en stor overraskelse at flertallet i kommunestyret gikk for sju etasjer på det planlagte høybygget i Kleplandsveien. Av to grunner: 1. I... lørdag 12:36
Adresse: Linnegrøvan 24, 4640 Søgne
Åpningstider: mandag - fredag, 09:00 - 16:00
Organisasjonsnummer: 980656969

Sentralbord: 38 16 80 00
E-post: post@bsnett.no
Tips oss: tips@bsnett.no, 95 96 97 00
Vaktjournalist: 95 96 97 00, 16:00 - 21:00

Ansvarlig redaktør: Fridtjof Borø Nygaard, 905 48 988
Markedssjef: Lene Anderssen, 922 94 593
©Søgne og Songdalen Budstikke